Jordnær innovasjon
Me skapar ei berekraftig, sirkulær og lønnsam framtid innafor grensene til naturen. Med begge beina planta i vestlandsjorda og ei vilje til å tenkje nytt.
Voss Virka
På Voss har me alltid visst verdien av å skapa noko med eigne hender. Her har hardt arbeid, landbruk og samarbeid stått sterkt – og det gjer det framleis.
Jordnær innovasjon handlar om å byggje ny sirkulær næring på naturens premissar, der landbruk og industri, teknologi og tradisjon spelar på lag.
Voss Virka samlar solide industriaktørar, gründerar og innovatørar som vil skapa noko ekte. For naturen, for næringslivet, for framtida.
Mogelegheiter
For industriaktørar:
Her får du ferdig regulert og nedbygd tomteareal, tilrettelagt med infrastruktur som veg, vatn og kloakk. Arealet har også god tilgang på fornybar kraft.
For gründarar:
Me tilbyr utlegieareal, utviklingsmogelegheiter og tilrettelegging for etablering. Her får du rom til å teste idéane dine, utvikle dei i eige tempo og bli del av eit fagleg fellesskap.
For investorar:
Her finst potensial for grøn vekst innan bioøkonomi og framtidsretta industri. Dette er ein stad der samfunnsansvar, teknologisk utvikling og industriell lønsemd går hand i hand.
For samarbeidspartnarar:
Me inviterer til samspel med utdanning, forskning og næringsliv. Saman kan me utvikle ny kunnskap, styrkje kompetansen og drive fram løysingar som har verdi både lokalt og globalt.
Me skapar meir av mindre
-
BIRs biogassanlegg som i full drift vil handtera 18 000 tonn matavfall og 36 000 tonn husdyrgjødsel årleg.
-
Invertapro som skalerar sin insektfabrikk til industriell produksjon. Dei vil levera 1500 tonn berekraftig fôr som kylling, høns, svin og laks kan ete.
-
Gjødsel. Frå biogassproduksjonen kjem der flytande biorest som går tilbake til bøndene som gjødsel. Det fjernar utslepp frå metangass, og er eit viktig bidrag til klimavenleg mjølke- og kjøtproduksjon på Voss
-
Voss Microz produserar spirer og mikrogrønt i eitt av industrilokala på området. Dei leverer ferske produkt, kvar veke, heile året til Vestlandets beste restaurantar text goes here
-
Der ser ut til å vera gode ressursar av grunnvassbasert grunnvarme på området. Forprosjekt for utvikling av ei ny fornybar energikjelde er i gang.
Dette er ein plass for næring, ikkje berre idear. Her blir ressursar utnytta i kretsløp, og verdiane blir igjen i samfunnet.
Voss Virka er ein biosirkulær industripark, lokalisert på Bjørkemoen i Voss herad. Her møtast industri, teknologi og biologi i eit samspel som gir retning og kraft til ny verdiskaping.
Bioparken er initiert av Voss herad og BIR. Den omfattar:
Dei etablerte verdikjedene
Ei kraftsamling for vekst
På Bjørkemoen ligg eit ferdig regulert og nedbygd område klart for framtidsretta næring. Området har god teknisk infrastruktur og fleksible løysingar for etablering.
Med kort avstand til Voss sentrum og gode transportårer mot Bergen, Austlandet og resten av verda, blir det enklare å vere del av eit større kretsløp.
Aktørane i parken
Samarbeidspartnarar og støttespelarar