Me får det til å virka på Voss. Det seier me med rak rygg. For me kan dokumentera dei faktiske resultata.
Me er blant dei fyrste i verda som tar i bruk det nye rapporteringsrammeverket Global Circularity Protocol. Denne rapporten syner resultata av arbeidet. Analysen er gjennomført i 2026.
Global Circularity Protocol (GCP) er utarbeidd av The World Business Council for Sustainable Developement (WBCSD).
Meir enn 150 forskarar og ekspertar, og over 80 selskap frå ulike sektorar og næringar har vore med i utviklinga.
Dette er den same organisasjonen som utarbeidde GHG-protokollen, grunnlaget for korleis heile verda rapporterar klimagassutslepp.
Rapporten er utarbeidd av:
Elise Sæle Dahle, prosjektleiar for Voss Virka og gründer av And Friends
Bjørg Rabbe Sandven, berekraftsrådgjevar og analyseansvarleg i BIR Nyverdi
Ulrikke Voltersvik Hernæs, forretningsutviklar i BIR
Prosjektet er finansiert med midlar frå Vestland Fylkeskommune
Med oss i arbeidet har me hatt ein av forskarane som har bidratt i arbeidet med å laga rammeverket.
Matthew Coffay.
Han er visiting Scholar at UC Berkeley Haas Center for Responsible Business, tilknytta Universitetet i Stavanger, og CRSB Centre for Responsible and Sustainable Business ved NHH.
Samt Terravera Foundation.
Sirkulær og regenerativ industriell praksis.
Biogassbehandling av matavfall og husdyrgjødsel er sirkulært når dei verdifulle næringsstoffa blir tilbakeført til jordsmonnet.
I denne analysen har me sett på ressursstraumane som går gjennom BIR sitt biogassanlegg på Voss.
Me har dokumentert korleis ei regional handtering av bioressursar kan styrka lokal verdiskaping, sjølvforsyning og resiliens. Me har og sett på korleis industriell symbiose reduserar systemisk risiko knytta til tilgangen på resussursar, og korleis me opnar for nye sirkulær forretningsmodellar, innovasjon og samarbeidsmodeller.
Føremålet har vore å strukturera og dokumentera materialstraumar, positiv og negativ påverknad på klima, natur og miljø, i tillegg til å synleggjera verdiskapinga i dei sirkulære verdikjedene knytt til biogassproduksjonen på Bjørkemoen, på Voss.
Me er på rett veg. Sirkularitet skapar mogelegheiter.
Auka innsamling av matavfall
+
Meir innsamla matavfall, betre utsortering, og ei betre sporing av matavfallet frå næringar aukar mogelegheitene til å skapa ny sirkulær næring. BIR jobbar aktivt med å få alle innbyggjarane i regionen til å sortera ut meir.
BIR har ei strategisk satsning på å auka matavfallet frå næring, slik at Invertapro og nye verksemder kan skapa høgverdige produkt av matavfallet.
Biogassbehandling er betre enn forbrenning
+
Sjølvsagt er det betre å henta ut energi i gassform, enn å henta ut energien i varme. Gass kan lagrast, transporterast lengre og erstatta diesel. I tillegg fangar biogassbehandlinga metangassar frå husdyrgjødselet og sparar utslepp. Biogassbehandling har og eit lågare utslepp i sjølve prosessen enn forbrenning. Når næringsstoffa fosfor og nitrogen blir tilbakeført til jordbruket er biogassbehandlinga definert som sirkulær etter GCP-rammeverket.
Styrkar eit levande landbruk
+
By og land spelar på lag. Utan eit levande landbruk som kan ta i bruk biogjødselet som kjem ut av biogassanlegget, kan ein ikkje bruka biogassbehandling for å handtera matavfall. Innbyggjarane i BIR-kommunane er difor avhengige av samhandlinga med bøndene på Voss.
Me treng utvikling
+
Fleire av dei sirkulære mogelegheitane ligg i skjæringspunktet mellom BIR si verksemd og andre næringsaktørar. Me brukar å seie at innovasjon ligg mellom organisasjonnummera. Det er bakteppet for at Voss Virka er etablert. For å ha ressursar til å arbeida med utvikling som ikkje er heilt i kjernen av det BIR driv på med. BIR er ein aktiv partnar i Voss Virka, og deltek i mange utviklingsløp og innovasjonsprosjekt leia av Voss Virka.
Verdikjedene som er analysert
I prosjektet har me sett på ressursar og aktivitetar som er knytt til BIR sin operasjonelle kontroll. Samtidig har me inkludert aktivitetar og verdikjeder der BIR eller Voss Virka har indirekte kontroll eller betydeleg påverknad gjennom kontraktar, leverandørforhald, strukturelt samarbeid, eller der det inngår i arbeidet til Voss Virka som innovasjons- og samhandlingsplattform.
Sidestraumar frå biogassproduksjonen; CO2, biogjødsel, biorest og energi
BiogassproduksjonHandteringa av matavfall og husdyrgjødsel
BiogassproduksjonenVoss Virka, innovasjon og utvikling. Dei tilknytta verdikjedene: insektproduksjon, vertikal dyrking og grunnvarme
LandbruketDen lokale kjøt- og melkeproduksjonen
Industriell symbioseOrden i kaoset.
Den industrielle symbiosen i Voss Virka omfattar fleire verdikjeder som i ulik grad samhandlar med kvarandre. Illustrasjonen under viser dei ulike materialstraumane, eit utval av aktivitetar, prosessar og aktørar som er involvert. Bildet er komplekst og syner korleis ulike aktørar er avhengige av kvarandre
Nøkkeltal
Grafane og figurane nedanfor syner viktige funn og verdiar. Tala er ein kombinasjon av reelle tal frå året 2025 og estimerte tal for full biogassproduksjon på anlegget på Voss. Anlegget stod ferdig i desember 2025, difor ville ikkje dei reelle tala gitt oss meir verdi.
Alle analyser er basert på rammeverket Global Circularity Protocol.
Biogass-anlegget er dimensjonert for:
30 000 tonn husdyr-gjødsel
15 000 tonn matavfall
28 GWh biogass
Er det nok matavfall?
70 kg
I Noreg kastar kvar innbyggjar omlag 70 kg matavfall.
Kjelde: Matsvinnutvalet 2021
40 kg
Av matavfallet me kastar, er omlag 40 kg mat som me eigentleg kan eta.
Kjelde: Matsvinnutvalet 2021
30 kg
Dersom alle 400 000 innbyggjarar i BIR-kommunane klarar å eta opp all maten me kjøper, er der likevel 30 kg reelt matavfall me kastar.
Matavfallet kjem
frå omlag 400 000
menneske
31%
Av alt avfallet BIR hentar frå hushaldningane i kommunane går til sirkulær behandling.
Materialgjenvinning og biogassbehandling kategoriserast som sirkulær behandling. Medan energigjenvinning er ikkje kategorisert som sirkulær behandling.
22%
Berre 22% av matavfallet frå hushaldningane går til sirkulær behandling i biogassanlegget.
Biogassprosessen er sirkulær fordi verdifulle næringsstoff kjem tilbake til jobrdbruket. Dette kallast for regenerering.
20 000 tonn
Hovuddelen av matavfallet vert framleis kasta i restavfallet og går dermed til forbrenning. Dette utgjer omlag 20 000 tonn, syner BIR sine eigne plukkanalysar. Det reduserar både ressursutnyttinga og klimanytta.
BIR samlar inn avfallet frå 11 kommunar i regionen
Dette er det me kallar for hushaldningsavfall. Avfallet i denne statistikken er avfallet som BIR hentar heime hjå kvar bustad. BIR samlar inn fem ulike fraksjonar: papir, plast, glas og metall, matavfall og blanda restavfall.
Fraksjonane papir, plast, glas og metall blir sendt til materialgjenvinning. Matavfallet går no til behandling i biogassanlegget.
Restavfallet går til energigjenvinning i BIR sitt forbrenningsanlegg.
Berre 31% av avfallet går til sirkulær behandling.
GCP definerar materialgjenninng og biogassprosessen som sirkulær behandling. Biogassprosessen er og ei form for energigjenvinning, prosessen på anlegget på Voss er likevel sirkulær fordi verdifulle næringsstoff blir tilbakeført til landbruket.
Uten symbiosen mellom biogassanlegget og bøndene, vil ikkje biogassprosessen kvalifisera til å vera ei sirkulær behandling av matavfallet.
Kun 22% collection rate
Sjølv om 31% av avfallet bli behandla sirkulært, er det kun matavfallet som bidreg til regenerering, eller det ein kallar recovery i GCP-rammeverket. Plukkanalysar syner at det er svært mykje matavfall som blir kasta i restavfallet. BIR rullar no ut matavfallspann til alle innbyggjarane i regionen. Målet er å flytta meir av matavfallet frå energigjenvinning til biogassbehandling, slik at talet for recovery rate går opp.
Mat fyrst
Mat, fôr og material før energi. Biogassanlegget på Voss er smart skalert. Det er meir tilgjengeleg volum av matavfall i regionen enn det biogassanlegget treng. Målet er å legga til rette for at matsvinn og matavfall kan gå tilbake til matsystemet. I dag kan insekt omdanna sporbart, vegetabilsk matavfall til fôr til kylling, svin eller laks. I framtida er det forventa at fleire typar matavfall kan omgjerast til verdifulle fôringrediensar gjennom ulike naturlege prosessar.
Biogass og andre formar for biobrensel kan produserast med utgangspunkt i dei same biologiske ressursstraumane. FNs klimapanel Intergovernmental Panel on Climate Change (IPCC) seier at det er naudsynt for alle land å ta i bruk alle tilgjengelege ressursar til matproduksjon, og sikra at alt som kan gå til mat går til mat, før det går inn i energiproduksjon.
Dei sirkulære strategiane i rammeverket
Rammeverket Global Circularity Protocoll legg opp til at ein gjer kvantitative analysar av materialstraumane som går gjennom den einiga ein analyserar. Rammeverket brukar dei sirkulære strategiane Close the loop – lukka, Narrow and slow the loop - smalna og senka farta, Value the loop – verdiskaping, Impact of the loop – påverknad på natur, klima og sosiale forhald.
Lukka – Close the loop
-

Circular Inflow. Det meste av materialstraumen som kjem inn, er definert som sirkulær
-

Circular Outflow: Omtrent halvparten av massen som går ut, vert handtert sirkulært
-

Circular Outflow: Energien som kjem ut av anlegget er definert som sirkulær
-

Recovery Potential. Det er mogeleg å auka sirkulariteten for både masse og energi
Sirkulære innsatsfaktorar, ressursar som har vore brukt før
BIR er ein avfallsaktør, då er naturleg nok nesten alle innsatsfaktorane sekundære ressursar, og difor definert som sirkulære. Med sekundære ressursar meiner me at ressursane har vore brukt før. Kun ein andel av plasten i avfallsbehaldaren er basert på jomfrueleg materiale. Figuren under syner fordelinga av dei ulike materialstraumene.
Sjølv om 98 % av ressursane inn i biogassanlegget vert rekna som sirkulære, viser figuren at ein vesentleg del av innbyggjarane sitt matavfall framleis ikkje vert sortert ut. Desse ressursane går i staden til forbrenning, noko som reduserer både ressursutnyttinga og klimagevinsten.
*Materialstraumar knytt til bygg, anlegg og bilpark er ikkje medrekna i talgrunnlaget
Auka grad av sirkularitet
49% (massen) og 89% (energien) av materialstraumane som kjem ut av biogassbehandlinga er sirkulære. Det vil seie at dei blir brukt på nytt. Me skil mellom massene, som blir målt i tonn, og biogassen som blir målt i GWH. I berekninga av massane har me inkludert matavfallet som går til forbrenning saman med restavfallet. Dette er ein materialstraum som er innanfor BIR sin operasjonelle kontroll, og bør inn i biogassproduksjonen.
Me har sett på det totale potensialet for sirkularitet. Her skil me og mellom energiproduksjon og massane.
I berekninga av massane har me inkludert matavfallet som går til forbrenning saman med restavfallet. Dette er ein materialstraum som er innafor BIR sin operasjonelle kontroll, og bør inn i biogassproduksjonen. For massane viser våre berekningar at det er mogeleg å gå frå 49% til 66% sirkulær utnytting. Grunnen til at ein ikkje kan bli 100% sirkulær er samansett. Ein viss grad av reject, massea som ikkje blir nedbrutt men sendt til forbrenning, vil det alltid vera. Målet er å redusera andelen reject frå omlag 20% til 10%. Ein del masse vil til ei kvar tid vera i råtnetankane for å halda prosessen i gang. I berekninga er det og teke med at noko matavfall vil gå direkte til forbrenning. Me trur ikkje at alle innbygjarar vil klara å sortera ut alt matavfallet til ei kvar tid.
For energiproduksjonen er det mogeleg å løfta graden av sirkularitet frå 89% til 100%. I dag nyttar BIR 3 GWH biogass tilbake i produksjonen per år. Dersom det blir bygd ein energisentral basert på den termiske energien i grunnen, vil all produsert biogass kunne gå til sirkulær bruk.
Bremse – Narrow the loop
Handteringa av plasten
i spanna
BIR har over 315 000 avfallsspann ståande hjå husstandane. Av desse er omlag 60 000 nytta til matavfall. Dei grå spanna er laga av 100% resirkulert plast, medan dei grøne og brune inneheld mellom 60-90% resirkulert plast. I gjennomsnitt skiftar BIR ut 4 500 spann i året. Desse blir sendt til handtering hjå leverandøren. I framtida kan ein sjå for seg at avfallsspann er ein lukka sirkulær teneste, der produsenten eig spannet gjennom heile levetida.
Klimagassutslepp – Impact of the loop
Metanutslepp frå kyr
Husdyrgjødsel gjev utslepp av metan (CH₄), ein svært potent klimagass. Metan har om lag 25–28 gonger høgre oppvarmingseffekt enn CO₂, over ein 100-årsperiode. Samstundes har metan ei vesentleg kortare levetid i atmosfæren enn CO₂. Reduksjon i metanutslepp kan derfor gi ein relativt rask klimaeffekt.
Reduserte årlege utslepp
-

Spart dersom biogassen som blir produsert i 2026 erstattar diesel
-

Reduksjon i utslepp av metangass frå landbruket i 2026
-

Reduksjon i årlege utslepp dersom biogass erstattar diesel
-

Reduksjon i årlege utslepp av metangass frå landbruket ved full produksjon i anlegget
Utsleppa er samansett
I analysen har me sett på utsleppa knytt til både fyrste året i produksjon og berekna utsleppa ved full produksjon. Grafen nedanfor viser utsleppa knytt til det fyrste året med drift.
Klimaeffekten av bygginga av sjølve anlegget, både bygningane og prosessanlegget er med i berekninga for det fyrste året. Det gjev eit samla netto klimautslepp på omlag 3400 tonn CO2 ekvivalenter i 2026.
Ved full produksjon vil nettoeffekten for biogassanlegget vera negativ. Totalt vil ein spara 9300 tonn CO2 ekvivalenter kvart år. Utsleppa frå etableringa av anlegget blir henta inn igjen i løpet av eitt år med full drift. Deretter er anlegget eit klimatiltak.
9 300 tonn CO2e i reduserte utslepp kvart år
Biogassanlegget fangar metangass og konverterar den til biogass. Biogassen blir nytta som drivstoff i tungtransport. Noko av gassen vert seldt lokalt, slik at transportnæringa på Voss kan leggja om bilparken sin. Det meste av gassen vert nytta som drivstoff på bussane i Åsane.
9 300 tonn CO2e tilsvarar omlag 12 % av Voss herad sine totale direkte utslepp. I 2024 var det totale utsleppet på 76 003 tonn CO2-ekvivalenter. Berre jordbruket i Voss herad hadde i 2024 eit utslepp på 30 743 tonn CO2e.
Sirkulær regenerering – Impact of the loop
Fosfor
Fosfor er eit svært viktig næringsstoff og grunnlaget for all plantevekst. I dagens matsystem brukar ein å gjødsla med mineralgjødsel (kunstgjødsel). Mineralgjødsel inneheld fosfor som er utvunne frå fosfatstein. Fosfor er ein fossil innsatsfaktor, og har sidan 2014 vore på EU si liste over kritiske råvarer.
I tillegg fører for mykje fosfor til problem.
Den utfordrande fosforbalansen
Både husdyrgjødsel og matavfall inneheld fosfor. I tillegg tilfører bonden fosfor til jorda gjennom mineralgjødsel.
I 2025 vart eit nytt gjødselregelverk innført med strengare vilkår for å tilføra fosfor. Bonden må levera nøyaktige berekningar over kor mykje fosfor som blir tilført kvart dekar med landbruksareal.
Fordelinga av næringsstoff er annleis etter råtneprosessen og fraksjoneringa av bioresten
Berekningar viser at det er 8 tonn fosfor
i 14 000 tonn med husdyrgjødsel
I tillegg kjem det i underkant av 4 tonn frå matavfallet.
Mykje av maten innbyggjarane i BIR-kommunane et er produsert utanfor regionen. Justert for fôrråvarer, produserar Noreg kun 36% av maten vi et. Dette er med på å gjera det vanskelegare å balansera fosfor lokalt.
Landbruket i regionen er oppteken av å ikkje tilføra for mykje fosfor i jordsmonnet. Det er difor ikkje ynskjeleg med eit for høgt fosfor innhald i den flytande bioresten.
19 000 tonn flytande biogjødsel inneheld 6,8 tonn fosfor
Bøndene får flytande biogjødsel tilbake. Volumet dei mottar er høgre enn det dei leverar inn til biogssprosessen. Medan fosforinnhaldet er noko lågare.
3000 tonn fast biorest inneheld 12 tonn fosfor
Den faste bioresten går i dag til behandling hjå BIR sin leverandør i Hardanger. Her inngår den i jordproduksjon.
I dagens marknad har ikkje denne bioresten ein høg verdi. Dette er eit område kor BIR gjennom Voss Virka jobbar med å få på plass innovasjon- og forskningsprosjekt.
Figurane over viser samansetninga av næringsstoff i materialstraumane som går inn i biogassprosessen (matavfall og husdyrgjødsel) og materialstraumane som kjem ut (flytande biorest og fast biorest). Tala er basert på berekningar. Desse bygger på forskningsarbeid frå Norsus og Nibio. Grafane syner samansetninga av dei berekna voluma ved full kapasitet i anlegget.
Mengda i grafene er ulik, summen av matavfall og husdyrgjødsel er ikkje lik summen av flytande biogjødsel og fast biorest. Dette handlar om ulik grad av tørrstoff, effekten av nedråtningsprosessen og at noko masse blir verande i prosessen. Figurane viser at det flytande biogjødselet har ei liknande samansetning som husdyrgjødselet, slik at bøndene kan nytta biogjødselset på same måte som dei tidlegare nytta sitt eige husdyrgjødsel.
Den sosiale impacten
Kortreist og transparent
Risikoen for negativ sosial impact er låg, sidan verdikjedene er korte, nære og oversiktlege. BIR har gode ordningar for eigne tilsette, og lokale aktørar er hyra inn for å transportera husdyrgjødsel og biogjødsel.
Korte verdikjeder bygger resiliens
Med mål om å styrka bonden
Biogassproduksjonen er eit viktig klimatiltak i landbruket. Fram mot 2050 skal jordbruket kutta 4-6 millionar tonn CO2e i følge landbrukets klimaplan.
Ei av dei ni satsningane i denne planen er å nytta husdyrgjødsel inn i biogassproduksjon. BIR sitt anlegg er det andre store norske biogassanlegget som tar i mot husdyrgjødsel.
Voss Biogjødselforum er eit samvirke der bøndene opptrer samla i spørsmål knytt til levering av husdyrgjødsel og mottak av biogjødsel. Dette legg til rette for at bøndene i fellesskap kan ha ein strukturert dialog og eit langsiktig samarbeid med biogassanlegget.
Klimagevinsten vert ikkje godt nok rapportert i dagens klimagassrekneskap. I framtida bør ein sikra at bonden får klimagevinsten i sitt rekneskap.
Styrka regionalt næringsliv
Voss herad er den største jordbrukskommunen i Vestland fylke. Eit levande landbruk er viktig for bygda. Symbiosen mellom landbruket og biogassanlegget styrkar næringslivet i regionen.
Mjølke- og kjøtproduksjonen er eit vesentleg klimautslepp i heradet. Klimagevinsten frå biogassanlegget er viktig i arbeidet med å redusera utslepp i regionen.
Voss herad og BIR har gått saman for å oppretta Voss Virka, eit symbioseselskap som er til for å få fart på innovasjonsarbeidet og etableringa av ein ny sirkulær industri.
Mat fyrst
Biogassanlegget er ikkje dimensjonert for å handtera alt tilgjengeleg matavfall i regionen. På denne måten legg BIR til rette for at anna industri kan nytta matavfallet.
Berre lågverdige bioressursar bør gå til energiproduksjon. Eit førande prinsipp for satsinga er at alle ressursar som kan gå tilbake til matsystemet som mat, fôr eller gjødsel bør gå tilbake.
Circurlar opportunities – value the loop
Industrielle mogelegheiter
Ein revolusjonerande industriell symbiose som kombinerar det jordnære, ekte og tradisjonelle med teknologi og innovasjon. Med ein god dose vossagalskap, byggjer me for naturen, for næringsliv og for framtida.
Meir og betre matavfall.
BIR jobbar strategisk for å sikra tilgang til meir matavfall frå både hushaldning og næring.
Meir matavfall
I løpet av 2026 skal alle hushaldningane i BIR-kommunane ha eige spann for matavfall.
BIR bør styrka innsatsen i kommunikasjonen mot innbyggjarane for å sikra betre utsortering.
Piloten frå Askøy syner at hentefrekvens og prismodell påverkar utsorteringsgraden betydeleg.
Redusera matsvinn
BIR jobbar strategisk med å bidra til å redusera matsvinn. Målet er at kun reelt matavfall går til biogassbehandling.
Av-emballering for butikk- og grossistleddet
BIR har identifisert ei mogelegheit for å oppretta ei eiga produksjonlinje for forbehandling av matsvinn. Matsvinn som oppstår i butikk- eller grossistleddet er som oftast pakka inn i plast. Plasten vil me ikkje ha inn i biogassprosessen, difor går det meste av dette til forbrenning.
Vegetabilsk, sporbart matavfall kan gå til insektproduksjon. Ei slik linje vil og styrka Invertapro sin oppskaleringsplan.
Fleire biobaserte ressursstraumer
Identifisera sirkulære hotspots
Redusera rejecten
Det vil alltid vera ein del av det innsamla materialet som ein ikkje vil ha inn i biogassprosessen. Rejecten er det som ikkje blir nedbrutt i råtnetankane. I dag er rejecten på omlag 20%. Det er ynskjeleg å få denne ned i 10%. Rejecten blir sendt til forbrenningsanlegget for energigjenvinning.
BIR har fleire biobaserte ressursstraumar som i dag ikkje er inkludert i satsninga rundt biogassanlegget. Det er identifisert identifisert sirkulære mogelegheiter knytta til både hageavfall og ulike typar trevirke. Dette bør utforskast vidare.
I denne analysen har me berre sett på verdikjeda knytt til biogassanlegget på Voss. Der bør gjennomførast ein analyse som tek for seg alle materialstraumane som er under BIR sin operasjonelle kontroll. På den måten skal me legga til rette for a fleire sirkulære hotspots kan bli identifisert og bidra til vidare utvikling i heile BIR konsernet.
Innovasjon i mellom organisasjonsnummer
BIR har saman med Voss herad etablert symbioseselskapet Voss Virka. Det er eit utviklings- og innovasjonsverktøy. Det einaste føremålet til selskapet er å få fart på utviklinga av sirkulær industri knytt til Bjørkemoen og biogassanlegget. Voss Virka gjer at BIR kan opna opp for innovasjon på tvers av selskap og sektor.
Systematisk dokumentasjon
Sirkulær gjødsel og jordforbetring
Sirkulær gjødsel og jordforbetring er betre ressursutnytting enn mineralgjødsel basert på fossile innsatsfaktorar. For at dei som nyttar gjødsel og jordforbetring i dag skal kunna nytta sirkulær gjødsel basert på biorest er det fleire ting som må på plass. Det krev forsking og innovasjon for å utvikla godt dokumenterte produkt. Det krev innovasjon og forretningsutvikling for å bli i stand til å etablera velfungerande verdikjeder retta mot ulike marknadar. Dette er eit arbeid som BIR ikkje kan løfta aleine. Etableringa av Voss Virka, samarbeid med forskingsinstitusjonar og samarbeid med etablerte og mogelege aktørar i dei ulike verdikjedene er avgjerande. Dette krev eit langsiktig, strategisk arbeid som BIR allereie har starta.
Måla impact
Ei barriere for å nytta flytande eller fast biorest som sirkulær gjødsel er usikkerheita knytt til kva bioresten inneheld. Det er viktig at BIR jobbar systematisk med testing og dokumentasjon av materialstraumane som går inn i anlegget og straumane som kjem ut. Det er viktig å vera transparent og dokumentera næringssamansetning og uynskt framandstoff i bioresten. Her er det smart å kopla seg på offentlege forskingsprosjekt leia av truverdige institusjonar. Slik som til dømes Nibio. Dette gjev kvalitetssikra? resultat og god tillit i marknaden.
Biogassprosessen er ein metode som fangar metangass frå husdyrgjødsel og sirkulerer verdifulle næringsstoff (P, N, K, Ca). Biogassanlegget dokumenterer både kor mykje metan som vert fanga og kor mykje kvar bonde får tilbake av næringsstoff. I dag leverer både bøndene og Voss herad klimarekneskap for jordbruket. Der får dei ikkje ført den reelle nytten av å fanga metanet. Det er viktig at den reelle klimaeffenten vert synleg i klimarekneskapen for den individuelle gardbrukaren og for heradet.
Bøndene har og fått strengare krav til gjødsling. Det er særskilt knytt til å unngå for mykje fosfor. Bøndene som får flytande biogjødsel frå anlegget vil få god oversikt over næringssamansetninga.
Automatisert dataflyt
Nytta den termiske energien i bakken
Nytta CO2 frå biogassproduksjonen
Innovasjonsmiljøet
Open innovasjon og strategisk bruk av Voss Virka
Dataflyten mellom biogassanlegget, bonden og Voss herad bør automatiserast. Biogassanlegget er eit veleigna punkt for å fanga data - både tal for klimarekneskap og gjødselrekneskap. Her er det og pågåande initiativ i regi av andre aktørar, til dømes hjå Landbruksdirektoratet. Det er naturleg av Voss Virka og BIR koplar seg på aktuelle initiativ.
Dersom det blir bygd ein nærvarmesentral som nyttar den grunnvassbaserte termiske energien i bakken på Bjørkemoen, kan BIR både spara energikostnadar og auka graden av sirkularitet. Det er i dag 3 GWH av biogassen som går til bake og brukt i prosessen. Denne energien kan erstattast av termisk energi. Ved å etablera ein nærvarmesentral på industriområdet vil ein samstundes styrka området som eit attraktivt område for etablering. Vår anbefaling er at det vert utarbeidd ei heilskapleg løysing for heile Bjørkemoen, slik at den termiske energiressursen vert nytta best mogleg.
Frå biogassproduksjonen er det eit direkte biogent CO2-utslepp berekna til mellom 2300-2500 tonn. Etter GHG-protokollen er ikkje dette eit utslepp som skal inn i klimarekneskapen sidan det er biogent og ikkje fossilt. Det er likevel ein unytta ressurs som kan brukast betre. Anbefalinga er å utgreia vidare korleis det er mogeleg å få til god verdiskaping og hensiktsmessig bruk av ressursen. Noko kan til dømes inngå i matproduksjon i veksthus, andre alternativ er reinsing og komprimering til bruk i bryggeri, eller mineralisering og lagring i byggematerial. Her er det viktig å sjå på heilskapen, slik at denne ressursen bidreg best mogleg i symbiose utviklinga.
Næringsutvikling krev fart og moment i tillegg til involvering frå fleire partar. På Bjørkemoen er det eit godt etablert samarbeid mellom offentlege og private aktørar, grunneigarar og leietakarar. Der er mange som drar i same retning. Strategisk har ein lukkast med å ha god dialog med offentleg forvaltning, verkemiddelapparatet og politisk. Det er viktig å fortsetta dette systematiske arbeidet for å legga til rette for god sirkulær næringsutvikling.
Symbioseselskapet Voss Virka er ein god aktør for å initiera open innovasjon på BIR sine materialstraumar og sirkulære mogelegheiter. Voss Virka skal identifisera nye mogelegheiter, nye aktørar og nye teknologiar (modne og umodne) som kan vera med å løfta symbioseutviklinga på Bjørkemoen vidare.