Kan me få meir ut av mindre?
I Voss Virka byggjer vi industri på naturens premissar. Det betyr at me tenkjer sirkulært heile vegen.
Sirkulærøkonomi handlar om å:
Slanke: Bruke færre ressursar
Senke: Halda ressursane i bruk lenger
Lukke: Unngå avfall og tap
Regenerere: Byggje opp att naturgrunnlaget slik at me kan hauste igjen
Eller som Ellen MacArthur Foundation seier det:
Eliminate waste and pollution
Circulate products and materials (at their highest value)
Regenerate nature
Hos oss er dette meir enn eit prinsipp, det er måten me jobbar på. Det som er ein aktør sin sidestraum, blir ressursen til ein annan. Slik skapar me eit robust system der næringar koplast saman og der avfall blir til verdi.
Me meiner at dette er framtida for industrien: bra for business, bra for folk og bra for naturen.
Figuren viser korleis ressurar flyt mellom aktørane i Voss Virka.
Symbiosen gir verdi
Sirkulærøkonomi er eigentleg sunn fornuft. Men for mange bedrifter er det likevel eit nytt landskap der forretningsmodellane framleis er under utvikling.
I Voss Virka går me denne vegen saman. I sirkulære system er samarbeidet tettare enn i tradisjonelle verdikjeder. Her må ein vere villig til å tenkje nytt, løyse floker saman og sjå heilskapen:
Det som er bra for dei andre, er ofte også bra for di eiga verksemd.
Når aktørane spelar kvarandre gode, oppstår det ei form for industriell symbiose. Det gir:
Meirverdi i kroner
Lågare utslepp
Ressursar som held seg i omløp der dei gjer nytte, i staden for å gå tapt
Dette er ikkje berre god miljøstrategi, det er god forretningsstrategi!
Kjøt- og mjølkeproduksjon
På Voss blir det produsert omlag 750 tonn kjøt og 18,5 millionar liter mjølk i året. Skal me nå måla i Paris-avtalen må utsleppa ned. Biogassproduksjonen fjernar metan-utsleppa.
Berekraftig fôr
Insektmjøl kan erstatta fiskemjøl eller soyaprotein i fôret til kylling eller laks. Insektmjøl har 90 % lågare utslepp pr kg samanlikna med fiskemjøl.
Biogass
Når biogassanlegget er i full drift vil det handtera 18 000 tonn matavfall frå hushaldningar i heile regionen, og 36 000 tonn husdyrgjødsel frå gardsbruk på Voss.
God jord
God, sunn jord er grunnlaget for alt liv. Den gjer at avlingar toler tørke eller flåm, balanserar pH-verdiar og temperatur, har eit levande mikroliv og lagrar karbon.
Grøn supermat
Voss Microz produserar mat inne i industrilokalet. Dei dyrkar ferske spirer kvar veke, heile året.
Avfall
BIR handterar alt matavfallet frå alle innbyggjarane i regionen. Målet er å få mest mogeleg tilbake i matsystemet.
Lokal forbetring av matsystemet
Det globale matsystemet er ute av balanse. Det står for over ein tredjedel av dei totale klimagassutsleppa i verda. Det trugar det biologiske mangfaldet, svekkar jordkvaliteten og forureinar vatn. Samtidig lever over 800 millionar menneske med utrygg tilgang på mat.
Desse utfordringane kan ikkje løysast med eitt stort tiltak frå toppen. Dei må løysast lokalt, gjennom konkrete grep og samarbeid på tvers av næringar.
På Voss utforskar me korleis vi kan bruke ressursane våre klokare. Me koplar saman aktørar som finn verdi i kvarandre sine sidestraumar, og me bygger system som både reduserer avfall og skapar ny verdiskaping. Når me lykkast her, kan det inspirere andre til å tenkja nytt der dei er.
For å endre matsystemet må me starte der me har påverknad. Og det har me her.
Framtidsfôr frå Voss
Regjeringa har vedtatt eit samfunnsoppdrag for berekraftig fôr, med mål om å auke norskandelen i fôret til både landdyr og fisk. Alt fôr skal kome frå berekraftige kjelder og bidra til lågare utslepp i matsystemet.
Satsninga er ambisiøs. Dette handlar om å ta vare på naturmangfaldet, sikre norsk forsyning og bygge ein ny, framtidsretta industri.
Invertapro er ein del av løysinga. Med insekt som råvare produserer dei proteinmjøl som har 90 % lågare utslepp enn tradisjonelt fiskemjøl. Kvart tonn som blir erstatta, reduserer utsleppa i produksjonen av oppdrettslaks.
Kvifor biogass?
Eit samspel mellom møkk og mat
Når vi blandar matavfall og husdyrgjødsel, skjer det noko nyttig. I ein råtetank, utan oksygen, bryt mikroorganismar ned dette organiske materialet og produserer metangass. Det me får, er biogass som kan brukast til oppvarming eller drivstoff.
Næring tilbake til jorda
Samtidig får me ein næringsrik biorest. Den flytande delen liknar tynn husdyrgjødsel, og inneheld lett tilgjengelege næringsstoff som nitrogen og kalium. Dette gjer det mogleg å tilbakeføre verdifulle ressursar til jorda utan å overbelaste naturen.
Mindre metan, meir klimafornuft
Ved å bruke husdyrgjødsel i biogassanlegg i staden for å lagre det i kum, unngår me store metanutslepp. Dette er ein gass som er over 20 gonger meir skadeleg enn CO₂ (TØI). Når biogassen blir brent, slepp me ut CO₂. Desse utsleppa blir rekna som klimanøytrale, fordi gassen stammar frå biologisk materiale som allereie er ein del av karbonkretsløpet.
Lokal energi til grøn transport
Biogass kan erstatte fossilt drivstoff og bidra til lågare utslepp frå transportsektoren. På Voss Virka byggjar me ein fyllestasjon for biogass. Her kan lokale aktørar teste ut biogass i eigne køyretøy og vere med på å endre transporten frå innsida.
God jord gir liv
Utan god, fruktbar jord kan vi ikkje produsera nok mat. Men jord er meir enn berre underlag for planter. Ho held på vatn, rensar det som renn gjennom og lagrar karbon som del av det naturlege kretsløpet.
Matjord byggjer seg opp over tusenvis av år. Derfor må vi ta betre vare på den vi har og styrke helsa til jorda.
Ei sunn jord har god struktur, inneheld organisk materiale, har eit rikt mikroliv og gir grobunn for levande planter.
Hos Voss Virka jobbar me med løysingar som bidreg til nettopp dette. Både frasset frå insektproduksjon og bioresten frå biogassanlegget blir brukt som ressurs i nye, sirkulære gjødsel- og jordprodukt.
Slik gir me noko tilbake til jorda og styrkjer grunnlaget for framtidas matproduksjon.
Innandørs dyrking
FN oppmodar alle land til å bruke eigne ressursar til å produsere mest mogleg mat. I Noreg er det berre 3,5 % av landarealet som er dyrka mark, og enno mindre som eignar seg til grønsaksproduksjon. Difor kan innandørs dyrking, også kalla vertikalt landbruk, spela ei viktig rolle i framtidas matsystem.
Her skjer det allereie.
Voss Microz, ei oppstartsbedrift frå bygda, har etablert produksjon av mikrogrønt og spirer inne i eit av industribygga på Bjørkemoen. Dei leverar ferske produkt, kvar veke, heile året til dei beste restaurantane i heile regionen.
Avfall, eller ressursar på avveie?
Husholdningsavfall
BIR er pålagd å henta matavfallet til dei som bur i BIR-kommunene. I biogassanlegget blandar ein 1/3 matavfall og 2/3 kumøkk.
På Voss har ein lenge sortert ut matavfallet. Men i Bergen er ein akkurat starta. Her er det mange som må legga om vanene sine littegrann.
Oppsirkulering av matavfall
Me har etablert ein felles infrastruktur for oppsirkulering av matressursar. Den brukast til å blanda substratet til insektene. I tillegg vil me bruka den til å teste korleis ulike matavfall kan bli til andre ressursar. Til dømes kan snåle gulrøter brukast som ingrediens i bakverk. Smoothie av ulike grønsakar kan brukast til dyrefôr. Ulike blandingar kan gå til mikroalgeproduksjon.
Sporbart næringsavfall
I dag har insekter lov å eta sporbart vegetabilsk næringsavfall. Det betyr at avfall frå grønsakproduksjon, frukt- eller siderproduksjon, frå kantiner og hoteller kan sorterast og sendast til insektene. Då held ein verdifulle næringsstoff høgare oppe i matsystemet.
I framtida trur me at fleire delar av matavfallet kan bli insektmat. Dei er naturens eigen omdanningsmaskin.