Jordnær innovasjon

Me skapar ei berekraftig, sirkulær og lønsam framtid innanfor grensene til naturen. Med begge beina planta i vestlandsjorda og ei vilje til å tenkje nytt.

Voss Virka

På Voss har me alltid visst verdien av å skapa noko med eigne hender. Her har hardt arbeid, landbruk og samarbeid stått sterkt – og det gjer det framleis.

Jordnær innovasjon handlar om å byggja ny sirkulær næring på naturens premissar, der landbruk og industri, teknologi og tradisjon spelar på lag.

Voss Virka samlar solide industriaktørar, gründerar og innovatørar som vil skapa noko ekte – for naturen, for næringslivet og for framtida.

Mogelegheiter

For industriaktørar:

Me tilbyr ferdig regulert og nedbygd tomteareal. Tilrettelagt med infrastruktur som veg, vatn og kloakk. Arealet har god tilgang på fornybar kraft.

For gründarar:

Me tilbyr utlegieareal, utviklingsmogelegheiter og tilrettelegging for etablering. Her får du rom til å teste idéane dine, utvikle dei i eige tempo og bli del av eit fagleg fellesskap.

For investorar:

Her finst potensial for grøn vekst innan bioøkonomi og framtidsretta industri. Dette er ein stad der samfunnsansvar, teknologisk utvikling og industriell lønsemd går hand i hand.

For samarbeidspartnarar:

Me inviterer til samspel med utdanning, forskning og næringsliv. Saman kan vi utvikle ny kunnskap, styrkje kompetansen og drive fram løysingar som har verdi både lokalt og globalt.

Me skapar meir av mindre

  • BIRs biogassanlegg som i full drift vil handtera 18 000 tonn matavfall og 36 000 tonn husdyrgjødsel årleg.

  • Invertapro som skalerar sin insektfabrikk til industriell produksjon. Dei vil levera 1500 tonn berekraftig fôr som kylling, høns, svin og laks kan ete.

  • Gjødsel. Frå biogassproduksjonen kjem der flytande biorest som går tilbake til bøndene som gjødsel. Det fjernar utslepp frå metangass, og er eit viktig bidrag til klimavenleg mjølke- og kjøtproduksjon på Voss

  • Voss Microz produserar spirer og mikrogrønt i eitt av industrilokala på området. Dei leverer ferske produkt, kvar veke, heile året til Vestlandets beste restaurantar text goes here

  • Der ser ut til å vera gode ressursar av grunnvassbasert grunnvarme på området. Forprosjekt for utvikling av ei ny fornybar energikjelde er i gang.

Dette er ein plass for næring, ikkje berre idear. Her blir ressursar utnytta i kretsløp, og verdiane blir igjen i samfunnet.

Og me vil ha deg med!

Voss Virka er ein biosirkulær industripark, lokalisert på Bjørkemoen i Voss herad. Her møtast industri, teknologi og biologi i eit samspel som gir retning og kraft til ny verdiskaping.

Bioparken er initiert av Voss herad og BIR. Den omfattar:

Dei etablerte verdikjedene

  • Alt kan ikkje elektrifiserast

    I 2050 skal me framleis produsera mat på lokale grasressursar. Arbeidet i Voss Virka er eit viktig bidrag til berekraftig mjølke- og kjøtproduksjon

  • Både laks, kylling, høns og svin kan ete insekt

    Insekter er naturens eigen omdanninsmaskin. Larvene omdannar matavfall til verdifult protein

  • Sjølv industribygg kan nyttast til matproduksjon

    Spirer og mikrogrønt produsert lokalt kan forsyne heile Vestlandet med fersk supermat

  • Sunn jord er grunnlag for alt liv

    God jord gir gode plantar, den yrer av mikroliv, gir plantane motstandskraft, gir grøderike avlingar og lagrar karbon

  • Mat fyst

    Matavfall er ein verdifull ressurs. Næringsstoffa må me halda i matsystemet så langt som rå.

Ei kraftsamling for vekst

På Bjørkemoen ligg eit ferdig regulert og nedbygd område klart for framtidsretta næring. Området har god teknisk infrastruktur og fleksible løysingar for etablering.

Med kort avstand til Voss sentrum og gode transportårer mot Bergen, Austlandet og resten av verda, blir det enklare å vere del av eit større kretsløp.

Samarbeidspartnarar og støttespelarar

Aktørane i parken